Nina Bang Larsen

Nina Bang Larsen arbeider hovudsakleg med stadspesifikke installasjonar sett saman av tekstile skulpturar, måleri, video og foto. Prosjekta hennar blir utarbeida i eit kaos av oppsamla materialar, tankar og idear. Nysgjerrig prøver ho ut nokre av ideane dei genererer og let seg styra av slump og innfall, på leit etter noko som kan formidle det ordlause som boblar inni oss alle. I arbeida hennar oppstår det surrealistiske historier ho ikkje kjenner særleg kontroll over, og heller ikkje forstår. Til tross for denne forvirra tilstanden ender ho opp med nøye gjennomførte arbeid laga med stor overtyding og skaparglede.

Nina Bang Larsen (1981, Kinsarvik) bur og arbeider i Bergen. Ho har ein MFA frå Kunsthøgskolen i Bergen (2010), og har hatt ei rekke separatutstillinger, blant anna ved Sandefjord Kunstforening (2022), Norsk Tekstilindustrimuseum, Salhus (2021), RAM Galleri, Oslo (2020), Kraft, Bergen (2018), Oppland Kunstsenter, Lillehammer (2018), Studio 17, Stavanger (2017) Vestfold Kunstsenter (2015), Prosjektrom Normanns, Stavanger (2014), Kunstmuseet Nord-Trøndelag (2014) og SOFT galleri, Oslo (2012). I 2022 mottok ho Statens 10-årige arbeidsstipend.

 

Forrige
Forrige

Kristina Austi

Neste
Neste

Kwestan Jamal Bawan