Tilbake til alle arrangementer

Vestlandsutstillingen

  • Kunstgarasjen 15 Møllendalsveien Bergen, Vestland, 5009 Norway (kart)

Vestlandsutstillingen 2021 «Viss du skal lage ein langfilm, er alt du treng 70 idear,» hevdar den amerikanske filmregissøren, kunstnaren og skodespelaren David Keith Lynch (f. 1946). Han er mest kjend for filmar som Eraserhead (1977), The Elephant Man (1980), Blue Velvet (1986) og Mulholland Drive (2001), samt fjernsynsserien Twin Peaks. Å måle seg meg Lynch er det ingen som kan, men eg finn det likevel interessant å trekke parallellar mellom det visuelle filmspråket hans og tilnærminga han har til det å lage, film og mine eigne prosjekt som kurator – i dette høvet som kurator for Vestlandsutstillingen (VU) 2021. Det er fri innsending til VU, og som kurator fekk eg ikkje berre 70 tilsendte idear å ta stilling til, men nærare 1000. Til VU 2021 kom det nemleg inn 311 søknader, som til saman inneheldt bortimot 1000 verk eller prosjekt. I prosessen med å velje ut, har eg vore oppteken av å finne fram til verk som kan setjast i scene slik at utstillinga får ei underfundig og sær stemning lik den vi finn i ein Lynch-film. Stemningar knytt til merkelege og draumeaktige scenar, eller sensuelle og forførande. Tvitydige stemningar der venleik og uhygge går hand i hand. Under ei perfekt overflate lurer gjerne død og elende, samstundes som noko rørande og vakkert kan gøyme seg i noko som ser forderva og øydelagt ut. Eg har laga ei liste med stikkord som besøkande på VU 2021 kan ha med seg i møtet med kunstverka: disiplin, endring, fiksjon, forsking, fortaping, grotesk, handverk, historie, kjenslevar, kontroll, kropp, materialitet, meditativ, minne, natur, nitid, nøysemd, perfeksjon, presisjon, rørsle, sakn, sanseleg, sensuelt, skjørt, sorg, tid, taktilitet, tolmod, tilbakeblikk, uperfekt, undermedvit... Desse stikkorda opnar for mange ulike assosiasjonar, stemningar og forteljingar. VU 2021 gjev ingen fasitsvar, men kan lesast som ei open forteljing sett saman av mange parallelle forteljingar. 16 kunstnarar med til saman 31 verk er med. Kvart av desse verka er unikt og rommar si eiga historie, men gjennom å bli plassert i ei utstilling saman med andre verk blir meininga forsterka eller endra. Dette spelar eg medvite på i måten utstillinga blir utforma på. Eg ønskjer at verka skal bidra til at nye historier blir skapt gjennom korleis dei blir monterte. Ingen av dei 6 visningsstadene som VU 2021 skal til er like, og difor vil nye historier oppstå frå stad til stad. Ikkje minst fordi kvar einskild utstillingsgjest også er ein aktiv medskapar.

Heidi Bjørgan, kurator

Det er fortsatt restriksjoner knyttet til arrangement. Vi tillater inntil 50 mennesker i Kunstgarasjen om gangen, såfremt smittevernreglene overholdes. Vi ber dere holde 1 meters avstand til hverandre, og vi anbefaler dere å bruke munnbind.
Vi byr på enkel servering, og dette vil kun skje ved bord/stoler: DET ER IKKE TILLATTT Å STÅ ELLER GÅ NÅR MAN HAR BLITT SERVERT SIN VELKOMSTDRIKK. Vi setter pris på at dere følger reglene. Det blir ikke bar slik vi pleier.
Om du har symptomer ber vi deg se utstillingen ved en senere anledning.

Åpningen varer fra 19 til 21.30.

Forrige
Forrige
17. april

Kay Arne Kirkebø

Neste
Neste
2. oktober

IMAGINE THE VIEW – Kunstutstilling i Grieghallen 2.okt – 31.okt. 2021Arild Våge Berge og Silje Solvi