Solfrid Aksnes

Dei siste åra har eg konsentrert meg om tresnittet og med tema fjell- og fjordlandskap som den raude tråden. I dette Vestlandske fjell- og fjordlandskapet har generasjonar før oss budd og levd sine liv og sett sine spor. I dag er det me som set våre spor.

Fjella, dei står der som nokre bauta og dei har stått der i uendeleg mange tusen år.

Både fjorden og fjella har sett og set premissar for framkome og busetjing. Fjella skjermar og gjev  rekreasjon, men kan også utgjera farar. 

Fjella og fjorden har farge etter bergartar, vegetasjon og spegling som endrar seg med årstidene, med været og med lyset gjennom døgnet og om me har avstand eller nærleik til dei. Fargane er ein viktig del av arbeida med bilda mine og eg har tru på at me treng fargane.

Trykkplatene for kvart bilde er samansett av mange utskorne bitar og sett saman som eit puslespel. Kva gjer treplatene og strukturen med motiva mine? Eg leitar over treplatene for å finne det beste utsnittet med struktur, eller ikkje struktur, som eg sager ut for kvart felt i bilde.

Eg trykker fleire lag med fargar opp på kvarandre. Det fyrste laget trykker eg av og til i ei gamal klesrulle. Dei neste laga trykker eg for hand med handbaken slik at eg kontrollerer kor mykje farge eg tar opp. Eg let og fargar glir over i kvarandre på sjølve trykkplata for å oppnå fargespelet eg ynskjer.

Eg har mi utdanning frå grafikklinjene på Kunstakademiet i Trondheim og i Bergen og har delteke på Vestlandsutstillingen fleire gonger, og seinast i 2024. Vidare har eg hatt arbeid med på Høstutstillingen og Nordnorsken og elles delteke på ei lang rekkje utstillingar sidan slutten av -70 talet. I mange år var eg også styreleiar og prosjektleiar for kunstnarorganisasjonen i Hardanger, Harding Puls. Der fekk eg gjennomført mange spanande kunstprosjekt kring i regionen saman med mange flott kunstnarar.

Forrige
Forrige

Tone Andersen

Neste
Neste

Kristina Austi