Klara Sofie Ludvigsen
Neon notid
14. mars - 27. april 2025
Indre sal, Kunstgarasjen
Utstillinga til Klara Sofie Ludvigsen har tittel Neon notid, og består av analogt fotografi saman med glas. Tittelen kjem frå opplevinga av korleis notida er overveldande, for tett på til å sjå klart. Det er ein forvirrande øving å ta notida inn, kanskje er det eigentleg umogeleg. Spesielt når ein opplever noko vanskeleg i livet. Notida blir for intens. Hjernen jobbar konstant med å zoome inn og ut for å prøve å få tak i det som skjer. Ludvigsen forklarer at denne opplevinga samanfell med korleis ho arbeider i mørkerommet. 'Eg jobbar med å tillate meg å ikkje forstå kva eg gjer i notida, men stole på intuisjon og at distanse vil vise heilhet.'
I tillegg til tidligare utvikla metodar jobbar Ludvigsen no med collage på negativ-nivå. Det vil sei at ho klypper i negativ og kombinerer ulike motiv, eller deler av motiv, som vert eksponert på papir og resulterer i éit fotografi. Kombinasjonen av ulike motiv kan opplevast uoversiktleg og uforståeleg, på samme måte som notida kan opplevast uoversiktleg og uforståeleg.
I prosessen med å skape eit analogt fotografi jobber ein seg fram mot ønska eksponering med å gjere tester på små striper av papir. Dette kallast teststriper og for Klara Sofie finst det noko essensielt der. Fotografert slik at motivet fyller heile flata, lar ho forma, eller flata, være uendeleg. Med desse negativa lagar ho enorme 'teststriper', opp til 4,5 meter lange. Å sjå på så store fotografi med eit uavgrensa motiv, gir ein kroppsleg følelse av å vere for tett på, av å ikkje få oversikt.
Kunstnaren har også utforska kombinasjonen mellom glas og fotografi. Glas er ein vesentleg bestanddel i fotografiets opphav, og det er på den måten ei naturleg lenke mellom dei to, som tilfører nok eit lag av forstyrring. Glaset tilfører også eit fargeelement, i ein praksis som i all hovedsak omfattar svart/kvit fotografi.
Klara Sofie Ludvigsen (f.1983) bur og arbeider i Bergen. Ho har ein bachelor i fotografi frå Kent Institute og Art & Design i England. Klara Sofie var med i Vestlandsutstillinga 2023, og har vist arbeida sine i ei rekke gruppe- og separatutstillingar. Ho var med å starte mørkeromskollektivet Fotoverkstedet og har sitt atelier i Møllendalsveien 17, like ved Kunstgarasjen.