Maiken-Stene_destinasjon4.jpeg

VESTLANDS-UTSTILLINGEN 2019 

10 okt 2019 - 20 nov 2019

Kunstgarasjen, Møllendalsveien 15

Vestlandsutstillingen 2019 – Vi er stedene opnar på Kunstgarasjen i Bergen den 10.oktober kl 19:00.

Me ønskjer velkomen til ei utstilling med kunstverk laga av 35 kunstnarar som på ulike vis er tilknytt Vestlandet. Dei har laga kunst her, vakse opp, levd og tileigna seg andre sterke band til landsdelen. Presentasjonen tek form av ei gruppeutstilling og stadspesifikke verk til kvar visningsstad, samt ein publikasjon som både stiller ut kunstverk og inneheld ein lengre tekst om Vestlandet anno 2019 – det siste året med landsdelen slik me kjenner den i dag. Forfattar og kurator er Marte Danielsen Jølbo frå Stavanger.

«Det siste året har jeg tenkt mye på steder, på hva som konstituerer et sted, men også hva som gjør at de nye stedene man gjennom livet flytter til etterhvert føles som et hjem. Hva innebærer det å føle seg hjemme i et landskap?» – Marte Danielsen Jølbo i Vi er stedene

Gjennom dei tre utstillingsspora opnar Jølbo for spørsmål som knyttar kunsten til stad og materialitet, stadshistorie, tilhøyrsle, litteratur og politikk. Utstillinga gjev døme både på korleis kunsten kan være ein stad for tenking og diskusjon rundt aktuelle samfunnsspørsmål så vel som personlege estetiske erfaringar og refleksjon. Til Kunstgarasjen vert det presentert nye og stadspesifikke verk av henholdsvis Ingrid Lønningdal og Jiska Huizing.

Deltakande kunstnarar: Gruppeutstilling: Anette Gellein, Arild Våge Berge, Åse Løvgren & Stine Gonsholt, Aurora Solberg, Gunnhild Torgersen, Hilde Frantzen, Elin Brissman, Ida Madsen Følling, Johanne Hestvold, Kenneth Varpe, Maiken Stene, Margrethe Aanestad, Natasja Askelund, Ole Martin Lund Bø, Per Christian Brown, Roddy Bell, Siv Bugge Vatne, Stian Ådlandsvik, Tor-Finn Malum Fitje, Trond Hugo Haugen, Yngve Mathisen

Stadspesifikke verk: Ingrid Lønningdal (Kunstgarasjen), Jiska Huizing (alle visningsstadene), Azar Alsharif (Kunsthall Stavanger), Hans Edward Hammonds (Haugesund Billedgalleri), Lillian Tørlen (Kunstmuseet KUBE), Solveig Landa (Kunsthuset Kabuso), Tone Wolff Kalstad (Sogn og Fjordane Kunstmuseum

Publikasjon: Agnes Btffn, Anna Ihle, Bjørn-Henrik Lybeck, Endre Aalrust, Kent Fonn Skåre, Kristin Velle-George

Forrige
Forrige

Ingvaldsen & Kun 14.09.019-11.10.19

Neste
Neste

Svein Rønning 22.11.19-20.12.19