9657_58-768x271.jp

ARNE INGVALDSEN & EVA KUN:

ANDRE ROM 

14 sep 2019 - 11 okt 2019

Kunstgarasjen, Møllendalsveien 15

Til denne utstillinga har Eva Kun og Arne Ingvaldsen har samarbeidd om fleire romlege installasjonar.

Dei er alle spesifikke for den aktuelle staden. Dei ytrar seg skulpturelt, og engasjerer heilskapen av rommet.

Kunstnarane har også utført permanent kunst for offentlege rom, med holdningar/idear som korresponderer med installasjonane.

Som oftast arbeider dei kvar for seg, men går også inn i samarbeidsprosjekt. Tidlegare arbeid vart dokumentert i Hanskerommet.

Installasjonen «Andre rom» var spesielt gjort for Kunstgarasjens midtsal: størrelse, form og lys. Den bestod av fleire romlege element og ei veggteikning. Ei enkel grunnform vart vist og utvikla både som flate og som romlege former.

Installasjonen peiker mot rommets bruk som kunstgalleri. Det underliggande temaet er forholdet mellom noko forestilt og den sanselege konkretiseringa av dette. Så likt, og likevel så ulikt!

Forrige
Forrige

Per Adde 16.08.19-08.09.19

Neste
Neste

Vestlandsutstillingen 10.10.19-20.11.19